Fototenester-prisliste

Solbakken Foto tilbyr:

– fototime i studio – digital kopi – framkall sjølv –

 

Prisliste

 

Søsken/familie: 1500,-

Nyfødtfotografering: 1500,-

Baby/barn: 1200,-

Konfirmant/portrett: 1200,-

 

Bryllupsfotografering:

Fototime på valfri location: 3000,-

Fototime + fotografering i kyrkja: 4000,-

For andre typar oppdrag – etter avtale. Ta kontakt for pris.

Reisekostnadar utanom Bremanger Kommune etter avtale.

Verdt å merke seg:

– Prisen gjeld for fotograferinga og digital pakke på mellom 20-50 bilete (mellom 100-200 på bryllup). (Merk: Normalpris på digital pakke ligg hos andre hobbyfotografar på mellom 3000-9000kr)

– Bestiller du nyfødtfotografering hos meg får du babyfotografering til 600kr. På nyfødtfotografering set vi av 2-4 timar slik at vi har god tid til å få babyen til å sovne, og rom for pauser. Fotograferinga bør skje før babyen er 10-14 dagar.

– Baby/barn: Fotografering av små barn kan vere uforutsigbart, og det er ikkje alltid at barna vil/tør til tross for fleire forsøk. Du kan då velje om du vil møte til ny time. Neste time er då halv pris (600kr)

– Normal leveringstid er mellom 3 og 4 veker. Kortare leveringstid etter avtale.

– Dersom ikkje anna vert spesifisert av kunden, ønskjer eg å bruke bileta på mi nettside og eventuell anna profilering. Kunden må gje beskjed dersom dette ikkje er ønskjeleg.

– Familie/søsken: Tenk også på at det er best å velje på forhand kva du vil fokusere på under fotograferinga. Ønskjer du både bilder av barnet ditt (kanskje i ulike antrekk), ulike grupper og heile familien er det ikkje alltid at alt dette lar seg gjere på ein fototime. Spesifiser då kva du vil prioritere i forkant av fototimen. 🙂

– For familiefotograferingar over 6 personar vert det eit tillegg på 250kr per person over 6.

2 Comments on “Fototenester-prisliste

  1. Mulig å få tatt generasjonsbilder av besteforeldre/barnebarn 10-13.juli?? Helst på Grotle/utendørs .

    Telefon 91838301

    • Hei Monica!

      Beklageligvis har eg ikkje fått melding om at du hadde lagt inn en kommentar her. Derfor har eg ikkje fått svart deg. Dette var veldig synd. Du er velkommen til å kontakte meg en annen gang, da helst på e-post, telefon eller via kontaktskjemaet her på siden.

      Mvh
      Benedicte

Send tilbakemelding

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s