Du får nøytrale bilder tatt av ein hobbyfotograf i studio med nøytral bakgrunn, mørk eller kvit, og lite rekvisittar. Bryllaupsfotografering foregår på location så langt veret tillet det.
Du får alle bilda på ein dvd eller minnepenn og kan bruke dei slik du sjølv ønskjer. Kor mange bilder du får avhenger av oppdraget, men ein stad mellom 20-60 for vanleg studiotime. Dei fleste bilda vil bli levert både i svart-kvitt og fargekopi.
Dersom ikkje anna vert spesifisert av kunden, ønskjer eg å bruke bileta på mi nettside og eventuell profilering.
Det mest ideelle tidspunktet å fotografere din baby på er når barnet er to-tre veker. I denne tida sover barnet mykje, og det er god mulighet for å fange dei heilt magiske augneblinka i denne tida.
Det neste tidspunktet som er spesielt godt eigna til å ta bilde på, er rundt 6 månaders alder eller etter barnet kan sitte sjølv.
NB! fotografering av små barn kan vere uforutsigbart, og det er ikkje alltid at ein får tatt så mange bilder som foreldra ønskte. Du kan då velje om du vil møte til ny time. Neste time kostar då kun 400kr.
Tenk også på at det er best å velje på forhand kva du vil fokusere på under fotograferinga. Ønskjer du både bilder av barnet ditt(kanskje i ulike antrekk), alle barna i lag og heile familien er det ikkje alltid at alt dette lar seg gjere på ein fototime. Spesifiser då kva du vil prioritere i forkant av fototimen.
Det er bra å ha på seg kle utan mykje mønster, heilst einsfarga. Kvitt og svart er alltid bra, gjerne med eit fargerikt innslag. Ha gjerne med fleire skift for å få varierte bilder.
Dersom du skal ta gruppebilde bør alle ha på seg samme fargenyansar, gjerne samme farge på overdel med jeans til.
Det er sjølvsagt fritt til å gå med kva ein vil, og viss du ønskjer å vise fram ein særskilt stil eller eit uttrykk kan du godt gje beskjed om det på førehand.